Disippelliv i krevende tider

Nedenfor er en artikkel fra Gi det videre høsten 2020 om disippellivet i koronapandemien. Hør også denne talen av Olav Humlebrekke om disippelliv i krevende tider. 

 

Disippelliv i en koronatid? 

En samtale mellom Olav Humlebrekke og Marianne M Iversen

Disippelliv i krevende tider

Av Marianne M Iversen
November 2020 

 
Ein kjem dit ein siktar! Dette var overskriften i forrige utgave av Gi det videre, der Olav Humlebrekke skrev om 25+ arbeidet i Navigatørene blant voksne etter endt studietid og utdanning. Etter dette har korona blitt en del av hverdagen. Jeg har hatt en nettsamtale med Olav om disippelliv i en koronatid.   

 

Olav, hva skjer med disippellivene våre når vi holder sosial avstand over lengre tid og de fleste møteplasser som bibelgrupper, husfellesskap og gudstjenesteliv er sterkt begrenset eller satt på vent? 

Eg trur at svært mange no går meir åleine enn før, med dei tankar og dei vala me tek kvar dag. Når eg går lenge åleine med ting er det lettare å velja bort det eg kjenner krev noko av meg. Om ikkje nokon held meg ansvarleg for det eg gjer, kan eg lett stoppe opp på den vegen eg har valt for livet mitt. 

Eg er oppteken av at me aldri vert ferdige med det grunnleggjande i disippellivet. Bibellesing og bøn i kvardagen er så sentralt i livet med Gud. Me treng å velja «tid med Gud». Det er så lett i staden å velja «Eg skal berre sjå den serien fyrst,» eller «sjekka mobilen» Poenget er å gje tid til den viktigaste relasjonen i livet mitt, sjølv om kvardagen skulle vera annleis eller meir krevande enn før, om det er korona eller andre skifte i livet mitt no. I eit lite eller stort møte med Gud kan perspektivet og innstillinga til kvardagen, jobb, relasjonar osv. verta endra. Gud kan løfta det, gje meg eit større bilde eller perspektiv på det som skjer, eit som gjer fri. I Salme 1 står det vel noko om dette: 
«Sæl er den som…har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre planta ved rennande vatn».   

 

Hvordan kan vi holde motet opp hos oss selv og hverandre? Hva er dine gode grep? 

Å ta en digital kaffekopp går godt an! Vi treng å møte folk. Kan vi verta meir frimodige og stilla kvarandre personlege spørsmål som «korleis går det med relasjonen til Jesus?» og «korleis går det med bibellesinga di?» Ikkje tenk at andre stiller det spørsmålet, for det gjer dei ikkje. Det kan komme enorme frukter av å stilla eit direkte spørsmål.  

Det fins mykje bra disippelstoff på nettet som ein kan søkje opp. Eg finn inspirasjon no mellom anna blant gode talar, både nye og frå år tilbake på www.discipleshiplibrary.com, som eg kan anbefale. 

Sjølv oppdagar eg for tida stor glede i å læra bibelvers utanåt, vers som eg er oppteken av. Memorering! I eit travelt liv med små born er det utruleg fint å ha verset der tilgjengeleg i småstunder mellom gjeremåla. Når eg les Bibelen, les eg han sakte. Memorering og drøvtygging på bibelvers anbefalast varmt for travle folk! 

Ja, så gøy at du forteller om glede ved å lære bibelvers utenat, Olav. Der er jeg også for tiden. Jeg har ikke små barn, men synes det er godt å ha for hånden vers jeg er nysgjerrig på. F eks på vei til butikken eller når jeg tar oppvasken. Å tygge langsomt på ordene gir smak og ettersmak! Takk for praten, Olav. Ha en god disippeldag videre! 

Takk, og det same til deg! 

Powered by Cornerstone