Det handlar om livet

Det meste handlar om livet i si allminnelegheit. Vi opplever gleder, og vi opplever sorger. Nokre føler at dei får ein «god» balanse, medan nokre får meir å bere på enn andre.

Det handlar om livet

I nokre fasar av livet er også meir hektisk enn i andre. Spesielt når livet blir krydra med bleier, kolikk og lite søvn. Det har ein tendens til å bli mykje krydder, og alt skal bli så mykje betre når - ja, når dei byrjar på skulen? For då er det berre foreldremøter, lekser, køyring, fotball- og handballtrening kombinert med jobbreiser.

Midt opp i denne kvardagen er det Jesus stoppar oss opp og spør: «Kva vil du eg skal gjere for deg?»

«For meg, skal du ikkje ha noke, eh, kvar skal du køyrast?»

«Nei, nei, eg vil berre seie at det livet som eg lever, det lever eg for deg!»

Der er eg, som far, som ektefelle, arbeidstakar og barne- og ungdomsleiar. Midt i denne kvardagen, som er livet i si allminnelegheit, der har eg også møtt ein organisasjon, Navigatørene, som har tatt meg og mitt liv på alvor. Ikkje berre som kristen, men som far, ektefelle, arbeidstakar og barne- og ungdomsleiar.

Korleis kan vi leve «Kristus-livet» i kvardagen? Gjennom Navigatørane har vi fått lov til å vere med i familiearbeidet, spesielt med fokus på familieleiren på Birkeland (Sørlandets folkehøgskole) i fleire år. Det har blitt ein arena der vi har fått lov til å treffe mange som er i same situasjon, ungdommane har blitt bunde saman av både «synlege» og «usynlege» band, og gjennom forkynning og samtalar har vi fått synleggjort «kven vi er», «kvar vi er» og «kvifor vi er».

Midt i livet i all si allminnelegheit har vi har fått hjelp til å ta Jesus inn i heile vårt liv. «Å leve er for meg Kristus» (Fil 1,21) for «Kristus lever i meg» (Gal 2,20).

Tor Andre Giskegjerde

Powered by Cornerstone