Velkommen til Forsand søndag 19.april
Kjære navigatør!
Søndag 19.april er du velkommen til ein Navigatør-vårtur til Forsand. Vi møtes i Forsand kyrkje kl 11:00, der Navigatørenes leiar Olav Humlebrekke skal ha dagens tale og det blir delt historiar frå Navigatørene.
Rett etter gudstenesta køyrer vi til Øvre Espedalen og derfrå går vi vidare til Røssdalen (30-45 minutt å gå). Dette er ein lett gåtur og framme i Røssdalen går vi rett inn i kvitveisblomstringa. For dei som vil ha ein litt lengre tur kan ein fortsette inn i «urskogen», gjennom ei steinrøys med steinar som hus og vidare opp til eit vatn.
I Røssdalen fyrer vi opp grillbål, og vi reknar med at kvar enkelt tek med mat som kan grillast og kaffe m.m.
Oppe i Røssdalen er det fint for barn å utfalda seg på mange måtar. Vil nokon bade, så er det som regel masse kaldt vatn i elva.
PS! I Røssdalen har ein også luksusen med utedo.
«Sola skin alltid på Forsand, men det er ikkje alltid ein ser det». Men vi veit at den er bak skya, difor går vi på tur i all slags vér for den dukkar som regel opp i løpet av turen.
Vi håper at dette kan vere ein arena for godt fellesskap og gode samtalar med gode folk (ikkje nødvendigvis utedoen). Ein dag til påfyll og oppmuntring i livet som disippel og i oppdraget om å gjera disiplar.
Velkommen til eit møtepunkt med andre som også ønsker å leva disippellivet - nær Kristus og nær menneske.
Med helsing
Siri og Tor Andre Giskegjerde og Olav Humlebrekke

Ca 20-30 min å gå frå parkering til grillplass. Det er god plass til leik for barn/unge.
Dei som vil gå litt meir kan ta blå rute. Går då gjennom urskog og ei stoooor steinrøys opp til Indravatnet.


